Jul på Norlender-fabrikken

Fabrikken vår er pynta til jul, og butikken er open kvar dag frå 1. november til 23. desember.

Kjøp julegåvene der dei vert laga, sjå produksjonen og møt folka som lagar dei norske genserane dine!

I butikken finn du lokalt laga ullgåver. Du finn òg arkivplagg og unike plagg som aldri kjem på nett, ofte til snille prisar.

Opningstider
Måndag til fredag: 09:00 til 15:00
Laurdag og søndag: 11:00 til 16:00

Fabrikken vår ligg på Osterøy, i bygda Hosanger ved den kjende Mjøsvågen, i Osterøyvegen 2184, 5282 Lonevåg

Meir å gjere i bygda vår

I november og desember er bygda vår, Hosanger, vakkert pynta med julelys, og det skjer mykje både i bygda og rundt omkring i førjulstida.

Stikk innom Mjøsvågen Landhandleri for ein kopp gløgg, og bli med på juleaktivitetar for barna. På Den Grøne Fabrikken kan du vere med på juleverkstad, eller handle gåver og kunst. Flabellina, den flytande kunstbadstova, gir deg ein varm pause med utsikt over den julepynta bygda. Og du kan avslutte dagen med pubkveld på Fjærå Sjøhus.

Sjekk program og opningstider hos kvar enkelt stad.

Mjøsvågen Landhandleri

Mjøsvågen Landhandleri

Ein landhandel ved sjøen, pynta til jul og fylt med lokal mat og drikke. Varm deg ved bålpanna og hald auge med arrangement i førjulstida.

Den Grøne Fabrikken og Flabellina badstove

Den Grøne Fabrikken og Flabellina badstove

Bli med på juleverkstad og sjå på gåver og kunst på Den Grøne Fabrikken. Like utanfor, på kaia, finn du Flabellina, ei flytande kunstbadstove med utsikt over den julepynta bygda. Vi tilrår å bestille badstova på førehand på flabellina.no.

Fjærå Sjøhus

Fjærå Sjøhus

Avslutt dagen på Fjærå Sjøhus, eit naust ved kaia i Mjøsvågen. Slapp av med god mat og pubkveld i vekene før jul.

Ikkje gløym Kossdalssvingane

Bygda vår ligg like ved dei spektakulære Kossdalssvingane, ein av dei mest kjende turane på Osterøy. Gå opp dei 17 hårnålssvingane, nyt utsikta og varm deg hos oss etterpå.

Julefavorittar

Kjem du deg ikkje til fabrikken? Handle på nett

£33.00