Vil du bli med i vårt team?
Norlender Knitwear AS er ei familiebedrift med nær 100 års erfaring innan tekstilproduksjon. Me er ein strikkefabrikk med sjel, der me ynskjer å ta hand om både menneska som arbeider her og naturressursene me brukar for å produsere dei fine ullgensarane våre. Fabrikken vår held til i nydelege omgjevnader i Hosanger på Osterøy – og mottoet vårt er å lage snille ullklede for snille folk.
Som saumoperatør vil du vere ein viktig del av produksjonen vår og bidra til at gensarane og plagga våre held høg kvalitet. Du vil arbeide med ulike saumoperasjonar og sikre god flyt i produksjonen saman med kollegaene dine.
Me ser etter ein nøyaktig, påliteleg og samarbeidsvillig person som har interesse for tekstil og handverk. Du likar å jobbe målretta, har godt blikk for detaljar og trivst med å vere ein del av eit lag. Stillinga er fast.
Arbeidsoppgåver
Saum og montering av ullplagg i ulike operasjonar
Bidra i produksjonsflyten gjennom sysalen
Kvalitetssikring og effektiv produksjon i samarbeid med kollegaer
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Erfaring frå saum/industrisaum er ein fordel, men ikkje eit krav
Interesse for tekstil og handverk
Evne til å jobbe nøyaktig, effektivt og med fokus på kvalitet
Lyst til å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
Heildagsstilling på dagtid, fleksibelt mellom kl. 07 og 17
Varierte arbeidsoppgåver i ein fabrikk med lange tradisjonar og store ambisjonar
Eit triveleg arbeidsmiljø i ein bedrift i utvikling
Lønn etter avtale
Søknad sender du til:
📧 berit@norlender.no
📞 Tlf. 909 97 505