NORLENDER

 

 
 

NORSK TEKSTILPRODUKSJON SIDEN 1927

Norlender si historie går heilt tilbake til 1927 då grunnleggar, Ola Tveiten, kjøpte si fyrste strikkemaskin. Han budde med familien sin på fjellgarden Tveiten på Osterøy. Utan veg opp til garden måtte den store maskina bli henta med hest og slede, Men ilag med gode naboar fekk dei det store lasset til gards. Ola Tveiten var tømmermann, og då maskina var montert i kjellaren på garden, måtte han reisa ifrå familien på snikkararbeid i Bergen. fortalte han tenåringssønene sine, og drog. Saman med mor si, Anna Maria Tveiten, gjorde dei maskina klar til bruk. Bedrifta gjekk bra, og snart hadde dei investert i endå ei strikkemaskin og fleire symaskiner.

Kitty-bil.jpg

Tekstileventyret starta i fjellbygda Tveiten.

Fabrikken vaks fort ut av kjellaren i heimehuset, dei sette difor i gang med å byggja den fyrste fabrikkbygningen heime på garden. Det var stor stas med eigen fabrikk som hadde både eit strikkeri, ein saumsal og lager m.m. Dei mørke åra under andre verdskrigen og okkupasjonen av Noreg var tider med rasjonering og mangel på råstoff. Det var vanskeleg å få fatt på garn, og det som var tilgjengeleg var ikkje av god kvalitet. Det som trass dette vart produsert på Svale Trikotasje måtte delas svært nøye mellom kundane.

Fabrikkbygging.jpg

Påbygget stod klart i 1947

Krigen tok slutt, og Europa og Noreg kom litt etter litt tilbake til eit normalt liv. Bedrifta gjekk bra, folk trong klede, og utsiktene var lyse. Men tida forandra seg. Det vart vanskeleg å forutsjå dei store endringane som skjedde då lågprisprodukta frå aust feia innover den skandinaviske marknaden. Svale Trikotasje kjempa for å halda verksemda i gang, og merka at tida var inne for å endre seg. Vinteren 1989 tok tredje generasjon over bedrifta. Dei skifta maskinparken om til flatstrikk og starta å produsere strikkejakker og gensarar under namnet Norlender.

Astrid_Gyda_tveiten2.jpg

Nesten 100 år etter den første strikkemaskinen er Norlender fabrikken styrt av Ola Tveitens barnebarn

I dag er Norlender ein av dei få eksisterande tekstilfabrikkar att i Noreg. Me er stolte av å kunne tilby klede produsert av norsk ull og av garn

BESØK FABRIKKEN VÅR

Norlender fabrikken er open for besøkande! Me ynskjer små og store grupper velkomen til omvisning i vår historiske strikkefabrikk!

Kontakt oss for spørsmål og reservasjon på:
E-post: sales@norlender.no
Tlf: +4756192000.

Fabrikkutasalet vårt på Norlenderloftet er open for besøkande på:
Måndag til fredag frå KL. 09 - 16.

Laurdag og sundag frå KL. 12 - 16. (Kun i Juli)

VELKOMMEN TIL OSS!